fredag 13. januar 2012

e-Bike

Ei av julegåvene til Hege i år (eller, rett skal vere rett: i fjor) var ein e-Bike, eller også kalla elektrisk sykkel.
I det siste har antall slike sykler kome heilt ut av kontroll, og det er innført eit påbud om å registrere i eit nytt register. Frå før var det eit slikt register, men så mange som 700.000 uregistrerte slike sykler skal finnast i Kunming by, så ein måtte finne eit nytt system som kunne takle denne mengden, samtidig som ein har innført eit lite ris bak speilet: den som vert "tatt" etter 1.februar utan registrering risikerer å få sykkelen inndradd. (Det er litt uklart kva straffa er, men forslaga har vore mange, det eine verre enn det andre.)

Så på bildet ser du då ein registrert, lovleg sykkel. Dog er den kun registrert for 5 år. Deretter må den skrapast. Fordi det er laga nye lover i Kina etter at ein har opplevd stadig fleire ulykker med slike sykler. Dei nye reguleringane tilseier at ein sykkel ikkje kan vere tyngre enn 40kg, og ikkje kunne køyre fortare enn 20 km/t. Sistnemnte er jo litt morsomt, då ungane mine nesten kan sykle fortare enn dette med vanleg trøsykkel. Men slik er det ein gong. Hege sin sykkel er nok tyngre enn 40kg, og kan i alle fall køyre fortare enn 20 km/t. Truleg er toppfarta nærmare 50 km/t. Og dette gjer nok denne sykkelen til ei utdøyande rase, noko mange kanskje set pris på. Men for kona mi som ønsker å kome seg raskt fram, så var det berre bra at ho fekk denne før dei nye reglane vart effektive.

laurdag 24. desember 2011

fredag 23. desember 2011

Adventskalender - 23.desember

Kvar jul bruker staben på Shincon (www.shincon.net) å feire med ein julemiddag på ein betre restaurant. I tillegg til å invitere familien til dei ansatte, så inviterer vi også personer som har hjulpet oss i prosjekta gjennom året som har gått.
Offentlege kontor som også har vore involvert gjennom arbeidet vårt i Shincon var også invitert, så politiet som jobber med utlendinger og gir visum, i tillegg til kontoret som godkjenner registeringa til utlendingane og til kontoret.
For barna var det kanskje juledekorasjonen utanfor som gav mest for dei, i tillegg til det store pepperkakehuset (i verkeleg storleik) som alle måtte smake litt av. (Men ikkje sei at vi tok ein bit kvar.....)

torsdag 22. desember 2011

Adventskalender - 22.desember

Oh-ho-ho-ho.......
I dag kom julenissen, Jens Petrus Andersen, og morfar; alle i same person.
Una har venta ganske lenge på at morfar skulle kome. Kvar dag når vi har sett på "Jul i Skomakergata", så har ho peika på J.P. Andersen, og sagt: Morfar! med eit stort smil.

I tillegg har vi tante Silje på besøk. Ho har vore her eit par dager, men er alt ein veldig populær person; til glede for foreldra. Med fire barn er det godt å kunne få litt input og hjelp til å passe dei, ha eit fang å tilby som dei kan sitte i.
Familie kan vere utfordrande av og til, men når du ikkje har dei rundt deg, så merker du kor godt det er å ha. Så for denne jula vil vi ta med oss at familien er den beste gåva du kan gi i år.

onsdag 21. desember 2011

Adventskalender - 21.desember


Etter mykje om og men, spesielt i forhold til å finne dei rette juletrelysa, så fekk vi satt opp juletreet i år også. Problemet ligger ofte i å finne gode lys, og dermed må ein gjerne kjøpe nye lys kvart år. Og som ein kan tenke seg så vert dette oppdaga i det ein skal sette opp treet. Men då er det jo litt seint å tenke på slikt, eller at ein har det litt meir travelt enn i resten av året. Så difor årets forseinking, akkurat som tidlegare år.
Men no har vi funne lys som ikkje lyser i alle regnbuen sine farger, pluss eit par farger til. Kvite lys stråler fram frå vårt vakre plastikk-tre. Ja, for plastikk må det vere. Og så er det berre å pakke det ned når jula er over. Praktisk, fint og enkelt. Tre ting på ein gong.
Og ikkje for å gløyme at vi slepper å vatne det, og vi slepper å koste opp barnåler kvar morgon, og vi slepper å kjenne den gode lukta...... nei, det var jo ikkje ein fordel nei. Men alt i alt er det få ulemper og mange fordeler. Faktisk er det ikkje dyrt heller, sjølv om ein nok kan kjøpe dyre plast-tre også. Men vi har nok ein økonomi-utgåve.

tysdag 20. desember 2011

Adventskalender - 20.desember


Den jamne kineser er ikkje så opptatt av jula. Ei heller nyttår. Begge deler vert stort sett forbigått i det stille. Dei venter alle på Chun Jie (), eller vår-festivalen. Eller populært kalt kinesisk nyttår.
Og for kvart gong er det eit nytt dyr som skal symbolisere det nye året. Men i påvente av eit nytt dyr, så bruker ein ofte fisken, spesielt før kinesisk nyttår. Ordet for fisk, Yu, likner det kinsiske ordet for overflod, og det er difor tenkt at dette vil smitte over på heimen.
Ein finner mange dammer i Kunming med fargerike fisker. Enkelte er akavarie-fisker som er sluppe ut i det fri, men dei fleste er raude og kvite maller. For kineserane er dei populære å mate, og ein kan ofte finne butikker som selger spesiell mat til dam-fisker.

måndag 19. desember 2011

Adventskalender - 19.desember


Å førebu juleribba er ikkje gjort på ein, to, Rema 1000 her i Kunming. Det krever litt tålmod og litt undersøking for å finne eit godt emne. Akkurat det er jo ikkje så ulikt Norge. Men her er det ikkje frysedisker der ein kan velge blant fristande utgåver at årets ribbe. Ein må på markedet og helst før alt kjøttet er skjært i ukjennelege stykker. Og så må ein finne eit stykke som ikkje berre er fett, men som også har litt kjøtt på seg.
Grisekjøtt er jo nesten som ein målestandard å rekne i forhold til pris. Nesten som gull. Så grisen er ei viktig handelsvare, og derfor er den ikkje vanskeleg å finne. Men problemet er altså å finne eit stykke som passer til norske ganer. Ofte velger kineserane å ete andre stykker og andre "samansettinger" enn det vi frå vesten er vandt til, så ein god metode er å alliere seg med ein handelskvinne (eller mann, men dei er det færre av) og avtale kva del av grisen du ønsker, og så hente stykket dagen etter. Problemet er då å vite korleis neste dags gris ser ut i forhold til flesk. Så alt i alt er det ei lita utfordring. Men ein må jo svette litt for ribba.

søndag 18. desember 2011

Adventskalender - 18.desember


For eit par månader sidan var det ei historie i kinesiske aviser om ei mor som hadde oppdaga bildet av dattera si på framsida av ein innpakka barnekjole. Dette var ikkje ein vanleg kjole, men meir for "dress-up" eller utkledning. Kjolen var veldig populær, og ho kunne finne den i mange butikker der ho budde.
Det viste seg at personen som hadde illustrert innpakkinga hadde funne bildet på internett, og syntest det var eit fint bilde og då var det gjort. Etter mykje om og men fekk alle pakkane klipt ut ansiktet.
Kva som er bakgrunnen for ansiktet til julenissen i Kina (vel, i alle fall her i Kunming) veit eg ikkje. Men så lenge vi har budd her, og det er jo eit par år no, så har julenissen hatt det same ansiktet i alle butikker og i alle restauranter.
For eit par år sidan vart det forbudt å dekorere butikkvinduer med "forstyrrande" bilder, truleg spesielt retta mot den "vestlege" jula som ein ville forsøke å unngå. Men i år ser det ut til at nissen i alle fall er på veg tilbake. Fortsatt er mange fasadevindu reine, men ein og anna nisse har lurt seg med på lasset, og kikker lurt ut på dei som går forbi.

laurdag 17. desember 2011

Adventskalender - 17.desember

Grunna tekniske problemer, går dagens utgåve ut.

fredag 16. desember 2011

Adventskalender - 16.desember

Grunna tekniske problemer, går dagens utgåve ut.