fredag 13. januar 2012

e-Bike

Ei av julegåvene til Hege i år (eller, rett skal vere rett: i fjor) var ein e-Bike, eller også kalla elektrisk sykkel.
I det siste har antall slike sykler kome heilt ut av kontroll, og det er innført eit påbud om å registrere i eit nytt register. Frå før var det eit slikt register, men så mange som 700.000 uregistrerte slike sykler skal finnast i Kunming by, så ein måtte finne eit nytt system som kunne takle denne mengden, samtidig som ein har innført eit lite ris bak speilet: den som vert "tatt" etter 1.februar utan registrering risikerer å få sykkelen inndradd. (Det er litt uklart kva straffa er, men forslaga har vore mange, det eine verre enn det andre.)

Så på bildet ser du då ein registrert, lovleg sykkel. Dog er den kun registrert for 5 år. Deretter må den skrapast. Fordi det er laga nye lover i Kina etter at ein har opplevd stadig fleire ulykker med slike sykler. Dei nye reguleringane tilseier at ein sykkel ikkje kan vere tyngre enn 40kg, og ikkje kunne køyre fortare enn 20 km/t. Sistnemnte er jo litt morsomt, då ungane mine nesten kan sykle fortare enn dette med vanleg trøsykkel. Men slik er det ein gong. Hege sin sykkel er nok tyngre enn 40kg, og kan i alle fall køyre fortare enn 20 km/t. Truleg er toppfarta nærmare 50 km/t. Og dette gjer nok denne sykkelen til ei utdøyande rase, noko mange kanskje set pris på. Men for kona mi som ønsker å kome seg raskt fram, så var det berre bra at ho fekk denne før dei nye reglane vart effektive.

Ingen kommentarer: